Fjellfuglar i Tinn og Vinje

idaUncategorized @nb

Lysebildefordrag ved Morten Rask Arnesen og Kjell Bitustøyl 


DETTE ARRANGEMENTET HAR BLITT MIDLERTIDIG LAGT PÅ IS!
Ny dato kommer fortløpende.

Dei to øvste kommunane i Telemark har eit rikt fugleliv, gjerne med artar som me ikkje finn så mange andre stadar i fylket, men sjølvsagt òg med mange av dei mest vanlege.  I dette foredraget vil me konsentrere oss om fuglelivet i bjørkebeltet og høgare opp med typiske artar for dei ulike naturtypane. Her finn me store vide myrområde, men òg mykje snaue rabbar og store flyer med frodige dalar innimellom. Og mykje bjørkeskog. Me finn òg høge parti med toppar opp i over 1800 moh. Og framfor alt er her mykje vatn og vassdrag, mange av dei er regulerte, men nokre større vassdrag er verna med naturen meir intakt. Særleg gjeld dette innafor Hardangervidda Nasjonalpark og tilhøyrande landskapsområde. Spesielle fuglefredingsområde finst òg, frå reine reservat med ferdselsrestriksjonar til meir opne fuglefredingsområde der reglane er mindre strenge. Tinn og Vinje utgjer Telemark sin del av Hardangervidda med randsonene rundt. Fuglelivet i og utanfor nasjonalparken vil bli omtalt, med spesiell vekt på det ein kan kalle karakterfuglar, artar typiske for dei ulike områda. 

Morten Rask Arnesen er ein av dei mest ihuga og kunnskapsrike fugleekspertane i Telemark. Han brukar mykje tid på å observere fugl i Telemark og føre desse opp i internettportalen artsobservasjoner.no. Morten har sine faste observasjonspostar rundt omkring i fylket. Sommarstid særleg har han vandra rundt i Tinn og Vinje på jakt etter nye sjeldne artar, men like mykje for å fylgje med på dei kjende og kjære fuglane, om dei kjem att til same område eller om dei har flytta på seg, eller artar som har blitt sjeldne og artar som rett og slett har blitt borte. Slik kan fuglelivet vera ein indikator på endringane i miljøet, ikkje minst relatert til klimaendringane. Ved å arbeide systematisk kan Morten lage seg statistikk og vurderingar som fortel oss kva som er i ferd med å skje, og i nokon tilfelle kvifor. Slik vil Morten dele meg seg av sin unike kunnskap om fuglane i Fjell-Telemark. 

Kjell Bitustøyl har hatt fuglar som hobby sidan han var liten, og særleg har han konsentrert seg om fotografering av fuglar. Han har òg skrive fleire bøker, meir av kulturhistorisk art, men med einskilde innslag om fuglar. Oppvaksen i Rauland fór han tidleg til fjells for å observere fuglar og anna dyreliv. Hardangervidda har vore yndlingsområdet hans gjennom alle år. Han kjenner godt til fuglelivet i Rauland til alle årstider, men han har òg vore mykje på Møsstrond og områda rundt.

Arrangementet holdes klokken 18 den 20. mars på Visitor Center Hardangervidda National Park – Skinnarbu, og koster 100 kroner per person. Avgiften dekker besøk til senterets museumsutstilling og kino.